Min side

Handlekorga di

Hentar handlekorga …

Tradisjonsmat frå garden Løne

Me er den einaste smalahoveprodusenten i landet. Alt me lagar går gjennom eldhuset, slik det alltid har vore gjort her på tunet.

Gard, eldhus og eit tun å eta i

Smalahovetunet er ei familieverksemd på Løne på Voss. Me lagar smalahove, pinnakjøt, lønekorv og spekemat — og me tek imot selskap i to lokale på tunet, det eine frå 1700-talet.

Les meir om oss

Smalahove — retten Voss er kjend for. Hovuda vert svidde, salta og røykte over oreved i eldhuset. Det tek tid, og det er akkurat difor det smakar som det gjer.

Éin hove er ein porsjon. Server med kålrabistappe og mandelpotet.

Kom innom gardsbutikken

I gardsbutikken finn du eit utval frå produksjonen, også varer me ikkje sender i posten. Bespisning må tingast på førehand.

Me held til på Løne på Voss

Gardsbutikken er open. Bespisning må tingast på førehand.

Strandavegen 7895710 Skulestadmo56 51 69 65post@smalahovetunet.noKontakt oss