Min side

Handlekorga di

Hentar handlekorga …

Om oss

Smalahovetunet er ei familieverksemd på garden Løne på Voss, og den einaste smalahoveprodusenten i landet.

Garden Løne

Me driv gard og produksjon på same tunet. Det meste av det me lagar, går gjennom eldhuset — smalahove, pinnakjøt, korv og spekemat.

Eldhuset

Røyken frå oreved er det som gjev varene våre smaken sin. Det tek tid, og det lèt seg ikkje skunda på, men det er nettopp difor det smakar som det gjer.

Selskap og omvising

Me tek imot både små og store grupper til selskap i Stabburet og i Grindabygget, der får ein servert god handlaga tradisjonsmat i koselege omgjevelsar. Dei som ynskjer får også ei omvisning i produksjonen.