Stemningsfulle og intime lokale

Smalahovetunet har to flotte lokale som kan leigast til små og store arrangement og samkomer. Her kan de få servert smalahove, pinnakjøt, rjomegraut, spekemat, flatbrød og alt som høyrer til. Ein kan også få omvisning på smalahovefabrikken der den daglege produksjonen pågår.
Nedanfor kan du lesa meir om Stabburet og Grindabygget.

 

Stabburet

Stabburet

Kapasitet: ca 60 gjester

I tunet hjå Ivar L Løne står det eit stabbur frå 1700 talet. Dette vert brukt som serveringslokale. Stabburet er eit laftabygg med synlege tømra vegger innvending. Lokala ber preg av gammaldags atmosfære med heimalaga trebord, og mykje gamle ting frå 1700 talet utstilt. I 1. etasje står borda som ein hestesko og har plass til ca 30 gjester. I 2. etasje er det to langbord som også har plass til ca 30 gjester.

Les meir


Grindabygget

Grindabygget

Kapasitet: ca 120 gjester

I 2011 stod Grindabygget ferdig. Hovudinngangen fører direkte inn i matsalen. I enden av salen er det dør ut til kjøkken og toalett. Me har separat dame-, herre-, og handikapptoalett. Me har høgtalar anlegg slik att det er mogleg å spela opp til dans etter middag. Der kan ein også kobla på pc m.m. Me har og skjerm og prosjektor tilhøyrande anlegget.

Les meir